LLH Voss skal ha skidag den 11.02.12. Kom og møt Vossahomoar i fri utfolding med ski på beina. Det vert som oppvarming til Skeive Ski:) Har du ski og har du lyst? Sjølvsagt vert det afterski. Om du kun vil koma på afterski er det sjølvsagt fullstendig mogleg.
Me møtes i Voss resort sitt annlegg, oppmøte på Slettafjellet kl. 11:00. Me køyrer på ski til me ikkje orker meir, soler oss og koser oss med nistepakka. Det er anledning for både nedoverski og bortoverski.
Det går skitog frå Bergen der ein får rabatterte dagskort med om ein kjøper det saman med billetten. Afterski tek me på kafeen 3 Brør i Voss sentrum. Siste tog til Bergen går 21:30 denne laurdagen. Det er og hytter/ hotell/ leiligheiter til leige for dei som vil overnatta.
Eg håper at skiløypene vert ekstra fargerike denne laurdagen. Vel møtt.
Ta kontakt med Jenny om du har spørsmål:
Jenny Tøn
93687608
Se også http://www.skeiveski.no/.


