Lesber i Dagslys : LLH

Lesber i Dagslys

Lesber i Dagslys starta hausten 2000 etter inspirasjon frå "Daytime Dykes" i London, og er ein møtestad for lesbiske/bifile kvinner i alle aldrar.


Har du lyst til å bli litt betre kjent i Oslo og Akershus, bruke kulturtilbod som er tilgjengelege på dagtid som ulike museum og utstillingar, og bli kjent med andre hyggelege lesbiske/bifile kvinner? Ta gjerne kontakt med oss!

Målsettinga er å lage treff/arrangement som ikkje er så dyre slik at flest mogleg ser seg i stand til å vera med, men prisen kan variere frå gong til gong.

Treffa er uforpliktande i den forstand at du ikkje treng å melde deg på, du kjem på dei treffa du har lyst til!
Du kan sende ein epost til oss for å bli satt opp på epostlista vår! solfridboe@msn.com

Lesber i Dagslys har treff i Oslo/Akershus den siste tirsdagen i kvar månad frå kl.13 - til ca.16, og den andre søndagen i kvar månad kl.13, stad blir annonsert for kvar gong.

Kvart treff inkluderer eller blir avslutta med eit hyggeleg kafebesøk!

Kontakt oss gjerne på oslo.leda@llh.no eller klikk på kontakt i menyen på venstre side

Lokale sider:

KALENDER



LLH Oslo og Akershus (LLH OA)

 

Telefon: 22 60 68 60 
Epost: oslo@llh.no

 

Besøksadresse: Tollbugata 24, 4. etasje, Oslo sentrum.

 

Postadresse: Tollbugata 24, 0157 Oslo.

 

Leder: Hans Heen Sikkeland
Telefon: 22 60 68 60 / 928 00 215

 

 

 

Like LLH OA på Facebook:

 

 

 

Vi samarbeider med: