I 2012 er det 40 år sidan starten på den organiserte homorørsla i Rogaland. Det har styret i LLH Rogaland bestemt at me skal
feira heile året til ende! Dette blir homorørslas «kulturbysatsing» i Stavanger og Rogaland. Me håper at markeringa også inspirer
mange til å engasjera seg i LLHs arbeid. Her er det noko for einkvar smak!
Visjon – People need love!
1972 er også året då dei fire medlemene i ABBA gjekk i studio for å spela inn sin første felles singel, nemleg People need
love. Dette skjedde 29. mars 1972 og har inspirert oss til visjonen for jubileet. Songen startar slik:
People need love, people need loving
People need trust from a fellow man
People need love to make a good living
People need faith in a helping hand
Dette oppsummerer litt av det fokuset me ønskjer skal vera retningsgjevande for markeringa. Det er også ei erkjenning av kva
grunnkjernen har vore i arbeidet til dei som har arbeidd for like vilkår for å leva ut eit kjærleiksliv som har gått på tvers
av både vedtatte og sosialt aksepterte normer.
Jubileumskickoff laurdag 7. januar
Tiårsmarkeringar
Hovudideen i jubileet er å markera dei fire tiåra det har vore organisert homorørsle med markeringar spreidd utover i året.
Desse markeringane skal består av fest, mimremiddag, foredragmed anerkjente forskarar, mimrefilmar, skeive eventyr, besøk
avprofilerte lhbt-personarog presentasjon av plakatserie om homorørslas historie i Rogaland.
Datoar for tiårsmarkeringane: laurdag 10. mars (70-talet), laurdag 28. april (80-talet), laurdag 20. oktober (90-talet) og
laurdag 10. november (00-talet).
Coverlove
Eit People need love-arrangement! Laurdag 18. februar blir det Coverlove med eige husband og kjente og kjære artistar frå Rogaland, som syng dykkar favorittkjærleikssongar! Lhbt-personar blir invitert
til å senda inn historier om kjærleikssongar som de har eit forhold til og som har historier knytta til seg som gjer oss alle
varme om hjarta.
Gerd Brantenberg til Kvinnedagen!
Homorørsla si førtiårsmarkering blir merkbar også i markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Me skal halda apell
og Gerd Brantenberg har sagt ja til å vera festtalar. Me som opplevde Brantenberg under Homosnakk i 2009, kan ikkje venta
på å få oppleva henne igjen! Kvinnerørsla har vore viktig for homorørsla, så dette er året du må få med deg 8. mars-markeringa,
viss du ikkje har gjort det før!
ABBA-quiz
29. mars 1972 gjekk Agnetha, Anni-Frid, Benny og Bjørn i studio for å spela inn People need love, som blei starten på ABBAs
fantastiske karriere. Me inviterer heile byen til ABBA-quiz, og satsar på å få med oss spennande gjester!
40-årsjubileum for oppheving av paragraf 213
21. april 1972 oppheva Stortinget straffelovas paragraf 213 som medførte ei avkriminalisering av homofile menn. Me legg den
nasjonale markeringa til Stavanger og Rogaland og LLH-leiar Bård Nylund blir mellom anna med, altså laurdag 21. april.
Skeivt 17. mai-tog i Stavanger
Endeleg må me klara å få det til: delta i 17. mai-toget i Stavanger. 40-årsmarkeringa må vera rette høvet, og her blir det
opp til alle kreative sjeler å koma med framlegg til korleis me kan markera oss – i People need love-ånd! Kanskje tida er
inne for å pussa støvet av gamal messing?
MGP-fest 26. mai
Finalen i Melodi Grand Prix er eit stort høgdepunkt uansett. I år går finalen i Baku, Azerbajdsjan og våre best festfiksarar
har tatt saka hos oss! Ein fest du ikkje bør gå glipp av!
LLHs landsmøte i Stavanger 8. – 10. juni og jubilemsfest
For første gong skal LLHs landsmøte arrangerast i Stavanger, og kva er meir naturleg enn at det skjer i det store jubileumsåret
vårt? Forutan dei politiske sakene som står på dagsorden, skal me gi våre tilreisande gjester opplevingar dei ikkje vil gløyme.
Laurdag 9. juni kombinerer me landsmøtemiddag med jubileumsmiddag og dette er dagen der me inviterer vener av LLH Rogaland
til å feira saman med oss.
Stavanger på skeivå, 5. – 9. september
Stavanger på skeivå-komiteen lover ein ny, fantastisk festival i jubileumsåret.
Verdas aidsdag
1. desember er blitt markert av LLH Rogaland, mellom anna i samarbeid med Kirkens Bymisjon, i mange år, og det gjer me også
i 2012. Ei litt utvida markering, me skal mellom anna invitera kronprinsesse Mette-Marit...
Stavanger Gay Galla
Laurdag 14. desember avsluttar me jubileumsåret med ein storstilt galla, der me skal kvila litt på laurbæra og dela ut ulike
prisar me har nominert folk til gjennom heile jubileumsåret.
People need love-annonse i Stavanger Aftenblad
”Vær open, vær stolt” er LLH Rogalands motto, og i 2012 skal me synleggjera det store gapet mellom 1972, då folk flest blei
intervjua i avisene og fotograferte slik at dei ikkje kunne kjennast igjen og psevdonym blei brukt for å få fram historiene
til homofile og lesbiske, og fram til i dag, der fleire og fleire står fram med heile seg. Me skal invitera med oss eit reklamebyrå
som skal utforma eit stort hjarta og inni dette skal det stå namn på alle dei som ønskjer å bidra med namna sine til den største
”Vær open, vær stolt”-markeringa i Rogaland nokon gong. Annonsa skal ha innrykk 21. april 2012, sjølve 40-årsdagen for då
straffelovas § 213 blei avskaffa i Stortinget, noko som innebar ei avkriminalisering av homofile menn.
Plakatserie
Eit viktig kunnskapsformidlingsprosjekt om vår eiga historie i jubileumsåret, blir å laga ein plakatserie, der me skal gjera
djupe dykk i vårt eige arkiv på jakt etter historier og saker som er blitt jobba med gjennom 40 år med organisert homorørsle
i Rogaland. Litt av materialet skal også formidlast i eit lite hefte som skal brukast på stand og i informasjonsarbeidet vårt
elles.
Lhbt-profilar til Stavanger
Det er fleire som ønskjer å koma til Rogaland i jubileumsåret, av kjente lhbt-profilar, som også har mykje å bidra med! Gerd
Brantenberg kjem til 8. mars-markeringa. Linda Eide, kjent NRK-profil, er klar for å koma, det same er Anja Edin, handballspelar
som også har lansert prosjektet Fearless, mellom anna med eiga bok. Artisten Caroline Waters har me også lyst å invitera.
Elles er det fritt fram å koma med ønskje om kven de har lyst at me skal invitera. Send oss ein e-post på rogaland40@llh.no.
Samarbeidsprosjekt
Me skal inngå samarbeid med andre aktørar og slik sørga for at lhbt-tema kjem på plakaten i jubileumsåret også andre stader.
Mellom anna skal me samarbeida med Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus om å ha ein del av arrangementa i den nye
Kulturbanken (Norges Bank-bygget) og koma inn på programmet deira på andre måtar. Me skal samarbeida med andre festivalar
i byen, og helsevesenet i kommunane om seksuell helse. Det er også naturleg å ta kontakt med andre som jubilerer: mellom andre
Statoil, som er like gamle som oss, og hotell Atlantic, som er 60 år i år. Me skal også invitera koret Saphonia frå Bergen
til Rogaland. Endeleg skal me gjennomføra eit solidaritetsprosjekt knytta til internasjonalt arbeid i 2012.


