LLH støttar kampanjen "Stop Trans Pathologization: Goal 2012" med tilleggskrav frå TransGender Europe : LLH

LLH støttar kampanjen "Stop Trans Pathologization: Goal 2012" med tilleggskrav frå TransGender Europe

Hovudkravet i kampanjen er fjerning av kjønnsidentitetsforstyrring frå dei internasjonale diagnosehandbøkene. Tilleggskrava vil sikra transseksuelle og andre transpersonar fortsatt ønska medisinsk og kirurgisk behandling, men fjerna kategoriseringa av alle transpersonar som mentalt forstyrra. Det vert òg kravd kamp mot transfobi og arbeid for utdanning og integrering av transpersonar i samfunn og arbeidsliv.

Vedtatt av LLHs sentralstyre 25. januar 2010

Hausten 2010 har det vore ein brei internasjonal kampanje for å minske sjukeleggjeringa av transpersonar. Kampanjen, som er støtta av ILGA, starta for to år sidan, men har fått langt fleire støttespelarar det siste året. Målsettinga er å få fjerna diagnosane som definerer transpersonar i ulike variantar som mentalt forstyrra. Dette gjeld dei med diagnosen transseksualisme og andre transpersonar.

Målet for kampanjen er fjerning av diagnosane F.64.0 til og med F.64.9 i dei internasjonale diagnosehandbøkene ICD-10 og diagnosane 302.6 til 302.9 i den amerikanske DSM-IV.

Hovudkravet i kampanjen er fjerning av kjønnsidentitetsforstyrring frå dei internasjonale diagnosehandbøkene.  Det vert òg stilt krav om at ein sluttar å opplyse om kjønn i offisielle dokument, avskaffar dei kjønnstodelte, normaliserande kurane for personar som er interseksuelle og gjev fri tilgang til hormonkurar og kirurgi (utan psykiatrisk kontroll). Det vert òg kravd kamp mot transfobi og arbeid for utdanning og integrering av transpersonar i samfunn og arbeidsliv.
 
LLH sitt transpolitiske utvalg opplever denne opprinnelege kampanjen som problematisk fordi mange personar med uvanleg kjønnsidentitet har behov for behandling og treng ein diagnose for å få behandling.
 
Organisasjonen TransGender Europe (TGEU) har kome med viktige tilleggskrav til kampanjen.

Tilleggskrava er:

  • Oppretting av ein alternativ og ikkje-patologiserande kategori i ICD-11, som slår fast at kjønnsidentitetar ikkje er mentale forstyrringar, og som samtidig gjer det mogeleg å få hormonell og kirurgisk medisinsk hjelp til dei transpersonane som søkjer det.          
  • Hormonell og kirurgisk hjelp til transpersonar skal finansierast av nasjonal helseforsikring.
  • Oppretting av prosessar for å endre legalt navn og kjønn utan obligatorisk terapi eller kur eller nokon form for diagnose.

 
LLH sitt transpolitiske utval meiner det er særs viktig at transpersonar blir møtte med respekt og at dei som ønskjer det får den medisinske hjelpa dei treng. Denne hjelpa må vera tilpassa og byggje på kvar enkelt  sin grunnleggjande rett til å bestemme over eige liv og eigen kropp. Dei som ønskjer medisinsk eller kirurigsk hjelp, må - som i dag - få dekka utgiftene til denne over folketrygda. Transseksuelle og transpersonar treng ein diagnose for å få den hjelpa dei treng frå helsevesenet.

Til forskjell frå homofile, lesbiske og bifile, opplever ei rekkje transpersonar stor avstand og alvorlege problem med manglande samsvar mellom kroppen dei er tildelt ved fødselen og eigen kjønnsidentitet. For mange er hormonell og eventuelt også kirurgisk endring av kroppen ein svært god hjelp på vegen mot eit betre liv. Dei som ønskjer å endre både legalt navn og kjønn må få rett til det, utan krav om hormonkur eller kirurgiske inngrep. På denne måten vil transpersonar kunne få eit betre liv.

Eit ekspertmøte om hiv-førebyggjing for menn som har sex med menn, kvinner som har sex med kvinner og transkjønna samla 130 internasjonale ekspertar i november 2009. Møtet oppmoda om at å vera transperson vert omklassifisert frå å ei mental forstyrring til ein medisinsk tilstand
 
Rapporten frå møtet uttaler: "Gender identity variance (transgenderism) should be reclassified from its current classification as a mental health disorder in the American Psychiatric Association’s Diagnostic and Statistical Manual and the World Health Organisation’s International Classification Of Diseases (ICD). Instead it should be classified as a medical condition. This would provide a diagnostic category in the ICD that would accommodate the needs of those gender identity variant people who require medical care for their condition, but without the stigma attached to mental disorder."

Professor Stephen Whittle ved Manchester Metropolitan University og interesseorganisasjonen Press For Change ønskjer initiativet velkommen. Han meiner debatten om det å ha ein kjønnsidentitet og eit ønskje om å utrykkje seg sjølv gjennom denne er viktig. Transpersonar kan trenge hjelp frå spesialistar i mental helse, men ikkje på grunn av kjønnsidentiteten sin. Transpersonar ønskjer, som alle andre, å gje utrykk for kven dei er overfor andre.

Transpersonar vert ofte møtte med krav om kirurgisk kastraksjon eller sterilisering, krav om å vera ugifte og å ikkje ha barn. Det vert ofte, også i Noreg, stilt krav om kastraksjon for å få endra offisiell kjønnsidentitet. Transpersonar som har barn risikerer å bli møtte med fordommar og manglande kunnskap i helsevesenet og barnevernet. Møtet med helsevesen og evt også barnevern kan difor verta ei tilleggspåkjenning heller enn ei hjelp for transpersonar. Homofile og lesbiske har fått akseptert sine rettar som foreldre og det er på tide at også transpersonar får denne retten.

Klassifiseringa av å vera transkjønna som ei mental forstyrring er stigmatiserande og gjev dessverre også rom for maktmisbruk overfor transseksuelle og andre transpersonar. Det er stigmatiserande at kjønnsidentitet vert kategorisert som ei mental forstyrring. Problema transpersonar møter botnar i transfobi og institusjonelle og strukturelle hindringar.

Finn LLH der du bor:


LES

LLH-BLOGGEN!